Åpningstale ved “Portretter II” 24. september 2022, Risør Kunstpark

Denne opningstalen er skreve til eit akkompagnement av Steve Reich, og hans minimalistiske og suggererande stykke, med den høvelige tittelen «Opening».

For, vi har snakka mykje om musikk, Ketil og eg.
Og fram mot denne utstillinga har eg fått lære den allsidige kunstnaren Ketil å kjenne, og vi har diskutert kunst, musikk, livet, og dei lange linjene.
Han har vist meg dragene sine, og eg har blitt nysgjerrig og overraska.
Han har vist meg sitteredskapene, og eg har blitt imponert!
Han har vist meg kor farleg det kan være å jobbe med glas og innramming, og eg har blitt både redd og letta. Men ikkje minst, så har han vist meg bileta sine, og eg har blitt begeistra og bevega.

No har det seg slik at eg kan ein god del meir om det å være oboist og musiker enn det å være fotograf. Og gjennom store deler av livet har eg jakta på dei gode melodiane og leita etter det perfekte oborøret. Forska på klang, på intervaller, mista flyten, funne flowen, og søkt etter den optimale måten å forme ei frase på.
Når kan man seie seg ferdig, eller fornøgd?

Kanskje oboisten og fotografen har noko til felles der?
Der den eine jaktar med øyra den andre med auga.

Ketil er nemlig også ein jaktmann. Nysgjerrig, søkande, modig og på vakt.
Med auge i nakken, og eit mysande blikk. Med kameraet på magen, lett tilgjengelig, så jaktar han på dei augeblikka vi andre ikkje legg merke til, der han spankulerer omkring med vinden i nakken.
Godt vær for drageflyging, tenker han kanskje, -men vandrar vidare med det konsentrerte blikket.
Og då, når motivet plutseleg er der, då fangar Ketil noko heilt spesielt. Han fangar dei magiske mellomromma. Han finn mikrosekundet mellom det som var, i det det flaug vidare til noko anna.
Og der, i det augeblikket, var Ketil der med kameraet.

Utstillinga PORTRETTER II er ein retrospektiv utstilling der Ketil viser fram arbeider frå dei siste 40 år. Han er utdanna kunsthandverker frå møbel og interiørlinja ved Statens høgskule for kunsthandverk i Bergen. Og i mange år lagde han drager, men etterkvart tok kunstfotoet over som hans kunstneriske uttrykk.
Og kva var det med fotografiet som gjorde at nettopp det stal merksemda hans, og rappa vinden frå dragene?

Kan det være at Ketil oppdaga det gylne blikk?
Og moglegheita til å kunne fortelje heilt nye historier?
Det kan være at han oppdaga at ved å være både tålmodig og leiken med detaljer og form, og utforskande med kameravinkel og lys, så kunne han komponere noko som til trass for å være innesperra i ei ramme, sprengte seg ut av ramma, -og rett inn i kunstnersjela til Ketil.

Ein spiker, tørkesnor, menneske, vase, frukt, hus, benk, trær, ein stige.
Fellestrekk ved fotografia til Ketil er at dei står stødig i seg sjølv.
Eg ser ingen skjult agenda, ingen underliggande symbolsk betyding, fritatt frå feministiske undertonar, dagsaktuelle utropsteikn og miljøkrisas peikefinger.
Derimot så løfter fotografia til Ketil fram noko som er stort, og på mange måtar større. Bileta grip tak i deg, treff kjenslene, strekkjer ut ermene og inviterer til dialog. Og samstundes snur spegelen, - slik at man som betraktar møter seg sjølv, og kjem nærare kjernen av det å være menneske.
I møtet med kunsten til Ketil oppstår det nye narrativ, nye forteljingar, der assosiasjonar frå levd liv dukkar opp. Og dytter på oss!

Kven er vi?

Eg vil trekke fram to verk eg likar spesielt godt.
Først, «Liten Kløpper II», bilete av spikeren, den poetiske spikeren. Som er tatt ut av sin naturlege kontekst og koda på nytt. Minimalistisk, enkel, og likevel så full av uttrykk. Frå spiker til solist. Eg likar det.
Det andre verket er biletserien «Aldri nok!», som på avstand kan minne om noko organisk, rytmisk og kontrollert.
Men ved nærare kikk, så blir man dratt inn i ei verd av hulter til bulter frå A-Å.
Og det er nesten vanskeleg å komme ut igjen derifrå.

Den siste månaden har eg undra meg over kvifor nettopp desse bileta har festa seg slik.
Men eg skjønar det no, bileta speglar meg.
Og det er kanskje fleire enn meg som har både minimalisme og kaos i seg.
Eller likar både Steve Reich og Telemann.

For, eg høyrer musikk i bileta dine, Ketil!
Og denne utstillinga er ei vakker orkestrering av fotografi, sitteredskaper og drager, der alle objekta kling samstemt og vakkert ilag.
Og der den kunstneriske signaturen ligg som eit orgelpunkt, som ein drone, som ein slitesterk og stødig grunntone, -gjennom heile utstillingslokalet.
Ein grunntone eg trur vi vil kjenne godt i kroppen, også når vi går ut av dette rommet.

Ingunn Lien Gundersen